HILDE MYKLEBUST
Gård informasjon
- Driftsenhet 46480130 00
- Orgnr 996406474
- Kommune Bremanger (4648)
- Fylke Vestland fylke
- Telefon 97064073
- Mobil 97064073
- E-post Send e-post
Har tilbud i følgende kategorier
- Barn og unge
- Helse og omsorg
- Arbeidstrening og rehabilitering
- Andre tjenester
Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt
Bjarte Myklebust: 97 52 25 93
Status Stiftelsen Norsk Mat
Godkjent fra 08.12.2014
Gurnane IPT ligg i Ålfoten i Nordfjord. Her er det godt å vere både for menneske og dyr. Omgang med dyr er lærerikt og byr på mange flotte opplevingar. Vi har sauer, kyr, høner, kaniner og grisar. Vi ynskjer å bruke garden som ein lærings- fritids- og rekreasjonsarena, der dyr og menneske er i fokus. Gurnane IPT skal gje meistring, utvikling og trivsel for brukarane: - Betre fysisk og psykisk helse - gjennom aktivitetar og utføring arbeidsoppgåver på garden, på sjøen og i skog og mark. - Meistringskjensle - Auka kjensle av å vere til nytte og dermed betre sjølvkjensla ved å sjå konkrete resultat av det arbeidet som vert utført. - Kontakt med dyr har positiv verknad på menneske si generelle helse og lukkekjensle. Vi vil at alle skal: - ha det trygt og godt. - føle seg respekterte. - føle at dei er verdt noko. - kjenne/sjå at dei utgjer ein skilnad. - sjå at dei meistrar noko/ kjenne at dei er flinke til noko. Vår rolle som inn på tunet tilbydarar er: Å vere medmenneske, rettleiar, samtalepartnar og ein trygg vaksenperson. I tillegg kan vi tilby pedagogisk kompetanse. Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko du/de lurer på. Velkomne!