SPADETAKET SARA JOHANNE BJERKVIK LEINAAS

Gård informasjon

  • Driftsenhet 30230055 02
  • Orgnr 912797503
  • Kommune Nesodden (3212)
  • Fylke Akershus
  • Telefon 95228945
  • Mobil 95228945
  • E-post Send e-post
  • Webside Åpne webside

Har tilbud i følgende kategorier

  • Barn og unge
  • Arbeidstrening og rehabilitering

Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt

Sara Leinaas 95228945

Status Stiftelsen Norsk Mat

Godkjent fra 06.10.2021

Tilbyder har hatt revisjon på sitt tilbud og tilfredsstiller de krav som «  « settes til Inn på tunet

Saman ønskjer vi å skape ein stad for undring og læring der menneskjer får ta del i kretsløpet og matproduksjonen på garden. Gjennom å bli eksponert for natur og miljø, og aktivt ta del i arbeidet med jorda og dyra i sitt eige nærmiljø, kan ein forstå komplekse prosessar og slik kjenne meistring. Her kan ein lære landbruk til fingerspissane. Vi arbeider med få maskiner og det meste av arbeidet på småbruket vert gjort manuelt. Ved å utføre arbeidet på denne måten, får vi ein annan forståelse og læring av prosessane i matproduksjonen. Praktiske oppgåver er arbeid med planter frå frø til mat, frå jord til bord. Ein lærer å setje pris på mat, når ein veit kva som ligg bak det å produsere t.d ei gulrot. Andre arbeidsoppgåver er mellom anna dyrestell, hesjing, arbeid med ved, gjerding, kransebinding, pilfletting, og fleire oppgåver som er direkte eller indirekte knytt til gardsdrift. Vi ser også at slikt arbeid kan verke førebyggande, både når det gjeld fysisk og psykisk helse. Her kan ein lære meir enn å grave i jorda. Ved å sjå at ein sjølv bidreg, kan ein også sjå at ein sjølv er ein ressurs. Også for eldre med demens kan arbeid med planter og dyr i grupper, bidra til auka livskvalitet. Det sosial og fysiske/praktiske arbeidet, bidreg til ei kjensle av meistring, utvikling og trivsel.