STRAUMØY GARD V/VILJAR GRUTLE

Gård informasjon

  • Driftsenhet 46120376 00
  • Orgnr 922083177
  • Kommune Sveio (4612)
  • Fylke Vestland
  • Telefon 92890670
  • Mobil 92890670
  • E-post Send e-post
  • Webside Åpne webside

Har tilbud i følgende kategorier

  • Barn og unge
  • Helse og omsorg
  • Arbeidstrening og rehabilitering
  • Andre tjenester

Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt

.

Status Stiftelsen Norsk Mat

Godkjent fra 27.11.2012

Tilbyder har hatt revisjon på sitt tilbud og tilfredsstiller de krav som «  « settes til Inn på tunet

Inn på tunet handlar om å ta vare på dyr og menneske på alle nivå og i alle fasar av livet. Vår visjon er å utvikle Straumøy gard til eit attraktivt tilbod for brukarar med særskilte behov der trivsel, kvalitet og kompetanse er vektlagt og der garden, drifta og dyra er grunnlaget i tilbodet. Smågruppetiltak: På garden er det lagt til rette for elevar i smågruppetiltak der ein brukar arbeidet og aktivitetane på garden som ein reiskap for å få til utvikling og læring. Smågruppetiltaket varierer i omfang frå år til år alt etter behov og skal vere ei hjelp og støtte for elevar i ein kortare periode. Pr oktober 2013 er det elevar på garden to dagar i veka. Klassar: Etter førespurnad tek me i mot klassar og lagar opplegg for dei. Bu- og avlastingstilbod: Larinehuset er renovert og fungerer i dag som eit butiltak for ungdom med psykisk utviklingshemming og blir drifta av Sveio kommune. Tunstova blir brukt til avlasting for born og unge der familiane treng avlasting. Dette huset blir og brukt som base for skule og arbeid. Bu- og avlastingstilbodet skjer i eit tett samarbeid med kommunane der dei held personale. Det er ledig kapasitet til avlasting i Tunstova. Arbeidstilbod: I dag er det eit verna arbeidstilbod heile veka. Barnevern: Garden blir brukt som arena for møte mellom biologiske foreldre og born i fosterheim. Anne er tilsett som lærar i Sveio kommune og har i tillegg til ansvar for smågruppetiltaket på garden og timar i ordinær skule. Leif er tilsett i medlevarturnus i butiltaket på garden. Meir info finn de under http://www.straumoygard.no mvh Anne og Leif Grutle