STEFFEN HAUG
Gård informasjon
- Driftsenhet 46210790 00
- Orgnr 976300289
- Kommune Voss (4621)
- Fylke Vestland
- Telefon 90934950
- Mobil 90934950
- E-post Send e-post
- Webside Åpne webside
Har tilbud i følgende kategorier
- Barn og unge
- Helse og omsorg
- Arbeidstrening og rehabilitering
Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt
Grethe Monica Haug 90982030 /gmhaug@live.com
Status Stiftelsen Norsk Mat
Godkjent fra 13.09.2012
Gjernes tunet ligg sentralt og flott til i nærleiken av Voss sentrum.Tunet er gamalt og har mange spennande bygningar som vert nytta til ulike føremål.I florane våre har me ammekyr, sau,høner,alpakka.2 hundar og katt høyrer naturleg til på garden. Me har drive med Inn på tunet tilbod sidan 2011,våre brukarar er m.a små grupper av elevar frå ungdomsteg/barnesteg samt vaksne som av ulike årsaker kan ha godt utbyte av å vera på ein gard.Tilbydar er Grethe Monica Haug,eg har utdanning som førskulelærar,og har etterkvart variert erfaring frå barnehage og skule,samt 4 eigne barn.Ektemann og bonde Steffen er vikar ved behov samt ein stor ressurs når det gjeld praktiske løysingar med maskiner eller dyr. Tilbodet vert tilrettelagd dei brukarane som til eikvar tid er på tunet. Me har dyra si velferd som fyrsteprioritet, andre aktiviterar er arbeid med ull,vedproduksjon,tradisjonsbakst, div gardsarbeid. Kos rundt bålpanna gjerne med ein god kopp kakao eller nysteikt lappar er kjærkomne faste innslag her hjå oss.Målet er at brukarane skal ha gode dagar,og at dei skal oppleva meistring i kvardagen. kan på forespørsel laga til dagtilbod der særskilde fokus vert vektlagd, som t.d tradisjonsbakst eller sau/lam.